VRAK OG SKATTER VED RUNDE

Vil du lese meir om Rundefunnet og Akerendam
Klikk på bildet under


I 1972 fann tre sportsdykkarar eit heilt teppe av sølv- og gullmynter på sandbotnen ved Kvalneset ytterst på fugleøya Runde.

Skatten var frå den nederlandske Aust - Indiafararen “Akrendam” som vart knust mot klippene ved Rikejøtta natt til 8. Mars 1725. Om bord var mellom anna 42 kanoner, 16 pengekister, bl.a. alle gulldukatane som vart laga i Utrecht i 1724. Det ble funnet 56433 gull- og sølvmynter, som det skulle handles krydder og silke for i det fjerne Østen. Dette er landets rikaste myntfunn til no. Mykje av skatten er enno ikkje komen til rettes og det blir ennå funne mynter på funnstedet.

Fra Runde går fleire historier om forlis og skattar på folkemunne. Ei er om “Borgja”, også kalla “Costello Negro”. Denne skuta var med i den spanske armada, flåten som kong Fillip den 2. sendte for å erobre England. Dei kom ut for ein voldsom storm og “Borgja” forliste ved Raudetinden på Runde. Skuta hadde med seg umåtelige rikdomar i form av gullbarar. Lika av 7 katolske prestar som dreiv i land vart gravlagde på ein stad som enno heiter “Sjuprestgrava”.

Eit segn fortel også om ein stor skatt som er nedgraven på land og som eit tvillingpar skal finne.

Andre vrak som kan nevnes er:
Dampskipet Advance som i 1910 gjekk på grunn ved Kjerringholmen og sakk. Det meste av skipet har forsvunnet i løpet av tiden, men noe ligger fortsatt igjen.

Ved Geitemaren ligger restene etter det 373 meter lange malmskipet Arisan. Da Arisan grunnstøtte der i 1992 forårsaket dette eit oljeutslipp som griset til strendene rundt omkring. Fleire hundre sjøfugl ble skadet og drept. Vraket ble etter kort tid knust av bølgene og delene ligger no spredd utover eit område som dekker over 2 fotballbaner.

Copyright   ©VIKENE.COM   All rights reserved